Kjerstin finished reading Kan vi ikke la det ligge by Rune Hesjedal
Denne var eit tilfeldig bibliotekfunn, og eg likte henne! Novellene handlar som baksideteksten seier om vanlege folk som ikkje greier å kommunisere, som snakkar forbi kvarandre eller som meiner at dei fortener meir frå sine næraste enn dei får, og difor svarar med same mynt. Eg trur på kjenslene og reaksjonane deira. Det er få stadnamn i forteljingane, men dei er heilt openbert lagt til bergensregionen, som gjer dei ekstra gjenkjennelege. Ein merkar at novellene er skrivne av ein mann, for eit par av kvinnekarakterane er litt vanskeleg å svelgje, men ikkje verre enn det som er vanleg i andre kritikarroste bøker skrivne av menn, og dei mannlege karakterane har flust av svakheiter, dei også. Eg las éi novelle om dagen, som var akkurat passeleg.
