@Kjerstin Hurra! Innså når jeg hadde lest ferdig den at det finns en bok til, og den har ikke kommet ut ennå, på dansk.
@ejnro Ja, eg blir stadig meir spent på korleis dette skal ende! Samtidig var det så godt å kome tilbake til denne verda at for min del treng det eigentleg ikkje å ende nokon gong.
@TanteGulo@snabelen.no Heldige deg som har så mange att!
@Kjerstin
Eg er halvvegs uti nummer to.
Eg skjønnar ikkje heilt kva eg skal like med denne boka. Eg seier det ikkje for å disse boka, men fordi eg genuint har lyst til å like ho, og ikkje skjønnar heilt kva som skal vere interessant.
Kva er det som gjer at du likar denne serien så godt?
@TanteGulo@snabelen.no Det har eg også spurt meg sjølv om! Og veit ærleg tala ikkje. Det er jo mykje i desse bøkene eg ikkje greier å tru på og til og med blir litt irritert av, og då meiner eg ikkje det med dagen som har stansa, det trur eg på utan problem. Men eg trur ikkje heilt på at folk ville ha reagert og oppført seg slik ho skriv, dersom dei levde i ein stansa dag. Det er liksom litt for idyllisk og folk er litt for avbalanserte og rasjonelle (det er kanskje ikkje så mange folk i bok 2, men dei blir fleire). Og eg har landa på at det er akkurat det eg likar. Det er måten ho utforskar den stansa dagen liksom litt på avstand, på idéplanet, roleg og vennleg innstilt, utan panikk. I dei første bøkene reagerte eg på språket, for eg tykte ho høyrdest meir …
@TanteGulo@snabelen.no Det har eg også spurt meg sjølv om! Og veit ærleg tala ikkje. Det er jo mykje i desse bøkene eg ikkje greier å tru på og til og med blir litt irritert av, og då meiner eg ikkje det med dagen som har stansa, det trur eg på utan problem. Men eg trur ikkje heilt på at folk ville ha reagert og oppført seg slik ho skriv, dersom dei levde i ein stansa dag. Det er liksom litt for idyllisk og folk er litt for avbalanserte og rasjonelle (det er kanskje ikkje så mange folk i bok 2, men dei blir fleire). Og eg har landa på at det er akkurat det eg likar. Det er måten ho utforskar den stansa dagen liksom litt på avstand, på idéplanet, roleg og vennleg innstilt, utan panikk. I dei første bøkene reagerte eg på språket, for eg tykte ho høyrdest meir ut som ei gammal dame enn som ei ung, men etter kvart som tida går, blir ho jo gammal, og då passar språket mykje betre. Og etter kvart tykte eg det vart utruleg avslappande å lese ei bok om ei verd der nesten ingenting kan gå gale, for det er jo berre den same dagen, så det kan ikkje kome andre overraskingar enn dei ho står for sjølv.
