Back
Audun Lysbakken: I alle dager (Aschehoug) No rating

Audun Lysbakken ble valgt inn på Stortinget samtidig som terroren rammet USA høsten 2001. Han …

Stødig ettermæle

No rating

Lysbakken er ein partileiar som har imponert meg veldig. Han tok over som leiar for eit parti som nærmast var å rekne som eit konkursbo. Samstundes vart saka om "Jenteforsvaret" rulla opp som ein medieskandale kor Lysbakken satt med hovudansvaret som Barne- og likestillingsminister.

Mange ville nok ha gitt seg der. Lysbakken greidde derimot å løfte partiet sitt opp frå søla, breie det ut, rekruttere fleire tusen medlemmar, og dessutan vise korleis ein kan stå på prinsippa sine og seie nei til regjeringssamarbeid (valet 2021), men likevel få gjennom viktig politikk som opposisjonsparti på Stortinget.

Under Lysbakken har SV dessutan blitt utfordra av både Raudt og MDG, som stort sett var uviktige konkurrentar før han tok over. Dei to partia har gjort det vanskeleg for SV å opptre slik dei tidlegare har pleidd. Det har vore spennande å sjå korleis Lysbakken omforma SV til eit slags omdreiningspunkt for heile det breie raudgrøne laget. Den mest samlande krafta, før vala i både 2017 og 2021.

Boka stadfestar ein del ting som mange av oss la merke til. Spesielt gjeld det Senterpartiet sin nye identitet som kulturkrigparti, med brodd mot urbane miljømedvite veljarar - gjerne dei som har pleidd å røyste MDG, SV og Venstre. Det er mogleg strategien her skaffa SP nokre veljarar fram mot 2021, men det gjorde også at dei mista SV som regjeringspartner. Dermed vart SP overkøyrd av AP, ikkje minst i straumpolitikken. Det har kosta dyrt. Lysbakken gir Senterpartiet hovudskulda for at det ikkje vart ein raudgrøn trepartiregjering etter valet i 2021. Her trur eg han har heilt rett. Dei mindre partia på raudgrøn side har på sikt alt å tene på å spele kvarandre gode.

No er Lysbakken ute av norsk politikk, og Kirsti Bergstø sitt SV er tilsynelatande i fritt fall. Skvisen mellom Raudt og MDG har vist seg å vera meir krevjande enn det Lysbakken verka til å tru. I boka skriv han ein del om diskusjonen om samling på den radikale venstresida, enten som valforbund eller som parti. Eg trur det er nytt for mange at det her vart såpass seriøst drøfta heilt oppe i SV-leiinga. Eg trur ikkje vi har høyrt siste ord i den diskusjonen enno, men verken Raudt eller MDG ser ut til å ha noko å tene på å gå inn på eit sånt spor.

Boka er verdt å lese om du har interesse for norsk politikk. Om du er medlem i, eller har røysta på SV bør du i alle fall lese ho. Eg trur SV fort kan reise seg att, og eg trur framleis dei er partiet som er best skikka til å bygge bru på raudgrøn side. Det er eit tap for norsk politikk at Lysbakken no er ute, men da er det enda viktigare at vi kjenner ettermælet hans godt.

@Ivarv93 Både Lysbakken og Bergstø var aktive og erfarne ungdomspolitikere når jeg ble medlem i Sosialistisk Ungdom for tjuefem år siden. SU/SV var mitt parti og jeg var med i valgkampen før 2005-valget da SV først gikk inn i regjering med AP og SP. Det var også det første stortingsvalget jeg fikk stemme i så det var ekstra stort.

Nå har jeg bodd i Sverige i snart tjue år og når jeg har vært politisk aktiv har jeg vært det utenfor partiene. SV og norsk politikk har jeg mest fulgt på avstand. Både jeg og det norske politiske landskapet har antagelig beveget seg på denne tiden. I blant har jeg lurt på hvor jeg skulle følt meg hjemme i norsk politikk i dag.