Back
Carl Frode Tiller: Arbeidarhjerte 2 (Norsk nynorsk language, Aschehoug) No rating

Arbeidarhjerte 2 er ei utviding og forlenging av forteljinga om Trond: ein middelaldrande mann frå …

Steinbra oppfølgjar

No rating

Likte du den første Arbeidarhjerte-boka, vil du elske den her. Det er få forfattarar som verkeleg greier å skrive ein seriøs klassereiseroman som verkeleg treff samtida så godt som Tiller. Alt for ofte blir sånne romanar enten håplaust tilbakeskuande, eller panegyriske hyllestar av kor fantastisk det er å "komme seg bort" frå arbeidarklassen. Sånn er det ikkje i boka her.

Persongalleriet er også glitrande. Eg tar meg i å "kjenne att" nærmast kvar einaste ein av dei, alt frå "kommunist-faren" til hovudpersonen, til studiekameratane, og elevane hans på vidaregåande. Ein kan irritere seg grenselaust av nærmast samtlege, og det er nettopp der Tiller er på sitt beste. Absolutt ingen andre forfattarar greier så presist å skildre korleis heilt normale samtalar og omgang mellom folk kan gå fullstendig i lås.

Alt i alt: boka her kan eg tilråde 100 %. Les ho. Les ho forrige. Og kos deg!