Arbeidarhjerte 2

, #2

380 pages

Norsk nynorsk language

Published by Aschehoug.

ISBN:
978-82-03-45720-3
Copied ISBN!

Arbeidarhjerte 2 er ei utviding og forlenging av forteljinga om Trond: ein middelaldrande mann frå Namsos som ikkje kjenner seg sjølv eller landet han kjem frå igjen. Det er forteljinga om eit fall, og om ein mogleg veg tilbake.

Trond prøver å få livet på rett kjøl igjen. Han søker ny jobb, prøver å reparere forholdet til kona, og dottera har blitt sjuk. Samstundes ser han tilbake - han prøver å forstå seg sjølv og samfunnet han er ein del av, han prøver å finne si eiga forteljing.

Romanen handlar om det norske klassesamfunnet. Det er ei ukunstla og djupt humanistisk forteljing om fellesskap i alle former - sosiale, politiske, nasjonale. Fellesskap som går i oppløysing, men òg om kva som skal til for å byggje dei opp att. Med den andre boka er Arbeidarhjerte eit fullenda romanverk: Carl Frode Tiller har skrive eit norsk liv.

1 edition

Steinbra oppfølgjar

No rating

Likte du den første Arbeidarhjerte-boka, vil du elske den her. Det er få forfattarar som verkeleg greier å skrive ein seriøs klassereiseroman som verkeleg treff samtida så godt som Tiller. Alt for ofte blir sånne romanar enten håplaust tilbakeskuande, eller panegyriske hyllestar av kor fantastisk det er å "komme seg bort" frå arbeidarklassen. Sånn er det ikkje i boka her.

Persongalleriet er også glitrande. Eg tar meg i å "kjenne att" nærmast kvar einaste ein av dei, alt frå "kommunist-faren" til hovudpersonen, til studiekameratane, og elevane hans på vidaregåande. Ein kan irritere seg grenselaust av nærmast samtlege, og det er nettopp der Tiller er på sitt beste. Absolutt ingen andre forfattarar greier så presist å skildre korleis heilt normale samtalar og omgang mellom folk kan gå fullstendig i lås.

Alt i alt: boka her kan eg tilråde 100 %. Les ho. Les ho forrige. Og kos deg!