Ivar Espås Vangen reviewed Arbeidarhjerte 1 by Carl Frode Tiller
Dritbra - les ho med ein gong!
5 stars
Det er noko frigjerande over å lese Tiller. Det er få forfattarar som verkeleg greier å skildre situasjonar kor alt berre "skjer" seg så gale i dialogen mellom karakterane. Det som likevel gjer boka her så himla god, er korleis ho skriv seg inn som ein reaksjon mot tendensen frå dei siste åra, kor litteraturen skal skildre "flukta" frå arbeidarklassen.