Ivar Espås Vangen finished reading Ufred: Russland fra innsiden by Åsne Seierstad
Mykje bra her, altså. Seierstad har funne interessante folk på reisane sine, også i område av Russland dei fleste nordmenn ikkje veit noko som helst om. Vi får eit interessant innblikk i korleis krigen mot Ukraina har brutalisert det som allereie var eit djupt valdeleg og autoritært samfunn.
Eg saknar kanskje likevel litt meir..fakta, rett og slett. Eg kjenner meg ikkje så mykje klokare på korleis krigen eigentleg har påverka folk flest i kvardagen, både høg og låg. Heller ikkje får eg vita noko særleg om korleis (og korfor) russarar skil seg så grunnleggjande frå resten av Europa i fleire viktige verdispørsmål. Eg forstår at det her ikkje skal vera ei sånn bok, men eg må berre innrømme at eg ikkje eigentleg lærte så mykje nytt om Russland, sjølv om boka er velskrive og svært spennande.
