Grunnen til all denne daudinga i den gamle lyrikken var riminga, sa Sylvia. Det var berre ein myte at kjærleikssjuke menn før i tida tok livet av seg oftare enn no for tida. Men orda døy og møy rimte på kvarandre, og derfor vart det så mykje døying og møying. No, i dag, var ikkje ordet «møy» lenger i bruk. Ein brukte i staden «jente». Og kva rimte på jente? Jo: vente. Det var grunnen til all den såre ventinga i nye songar. Det var mindre dramatisk å vente på ei jente enn å døy for ei møy, så ein kunne villfare seg i trua på at lyrikken var blitt tammare med åra, men truleg var den berre blitt meir realistisk. Dette hadde ikkje Uføre tenkt på før. Han lytta og nikka, tenkte seg om og nikka igjen.
— Når ein først skal skyte nokon by Arnfinn Kolerud (Page 188)