Back
Jakob Martin Strid, Håkon Viggen: Den fantastiske bussen (Hardcover, Bokmål language, 2025, Vigmostad Bjørke)

I slummen i Ahnstarr City hersker desperasjonen. En etter en blir boliger jevnet med jorden, …

Ghibli møter anarkistane på Svartlamoen

No rating

I ein lettare postpokalyptisk storby bur ei samling dyr i ein ghetto med kondemnerte hus på havna. Byen ynskjer å hive dei ut, nokre av dei er sjuke, alkoholiserte, og/eller berre gamle drøymarar. Ei ny von dukkar opp, håpet om det magiske landet Balanka.

Strid har nydelege teikningar, og har fått lov til å ta mykje plass – her kan fire sider brukast på ei enkelt rørsle. Ei fantastisk cinematisk barnebok, som eg håper får bli ein fantastisk barnefilm og ikkje ein «førstemann til mølla til å kjøpe filmrettane».