Back
Erlend O. Nødtvedt: Vestlandet (Hardcover, Norsk bokmål language, 2017, Aschehoug) 5 stars

En billedkunster og en poet trosser uvær, ras og stengte tunneler på en fuktig odyssé …

Fear and Loathing in Las Vestlandet

5 stars

Det er vegane som er hovudpersonen i Erlend O. Nødtvedts «Vestlandet», med ein motstandsdyktig Camry i birolla som transportbeist. Joda, boka handlar rett nok om Yngve og Erlend som skal Finne Det Ekte Vestlandet medan dei bringer hovudskallen til talsrabulisten Anders Lysne heim til Lærdal, men som alle vestlendingar i rasutsette 2018 veit — du kjem ingen veg utan at vegen fører deg dit.

Anders Lysne var sjølv ein vegbyggjar, som opna 1800-talet med å tale Oslo midt imot då han nekta å bli tvungen i militærteneste — sjølv om lærdølene, fordi dei bygde ferdselsåra over Filefjell, eigentleg var fritekne frå dette. Lysne var ein av dei siste i landet som vart avretta, i 1803.

Han er kronologisk det første leddet i ein historisk raud tråd som Nødtvedt plantar som brøytestikker langs turen.

Det er synd å måtte henfalle til engelsk (sjølv om England rett nok er eit land endå lengre vest enn Noreg), men meir bokstaveleg road trip enn «Vestlandet» er det vanskeleg å få. Vegen har ei eiga vilje i denne boka, den buktar seg og kastar ryttarane dit den helst ser at dei skal.

Som ein fearandloathingsk feberdraum fér me innom ulike geografiske og ikkje-geografiske punkt her i vest — ulike tilstandar og personlegdomar uløyseleg knytt til vår fjerdedel av landet, uavhengig av tid og stad. Nokre har kalla det ei romantisering, men eg må nesten få kalle det ei deromantisering. I skildringa av våre særs pittoreske fossar, er det nesten ei livleggjering av suicidalt vatn som hiv seg utfor fjellsidene.

Før eg las denne boka farta eg innom den i ein diskusjon med ein ven, som talde den opp som ei av fleire i rekka av gode nynorskbøker. Det er den altså ikkje, det skarpe bergensmålet til Nødtvedt lesast framleis, i hovudet mitt godt hjulpe av at eg les heile boka med stemma eg har høyrd i ulike av hans opplesingar.