Back
Erlend O. Nødtvedt: Bergens beskrivelse (Hardcover, Norwegian language, 2011, Aschehoug) 5 stars

"Bergens beskrivelse" er en slags fortsettelse av Erlend O. Nødtvedts debutbok "Harudes", men denne gangen …

Ein slags forløper til "Mordet på Henrik Ibsen"

5 stars

Eg er veldig glad i skrivinga til Nødtvedt. Og kva gjeld diktinga hans er eg veldig glad i å lese dikta høgt. Sånn med unntak av det skitenbergenske universet han har skapt i denne diktboka, er han ein av mine favorittar kva gjeld rytme og slag, han kakkar laus på språket med ei kraft som kun(?) skarre-r-en kan få til.

Uttrykket i denne kjennest som ein forløpar til "Mordet på Henrik Ibsen" (2021), også dette er ei slags utforsking av fordums Bergen sett frå ein moderne ståstad. Men i motsetning til den gamle "Bergens beskrivelse", gjort på midten av 1700-talet av ein Ludvig Holberg som ikkje hadde budd her på 30 år, er dette ei skarp stemme opp frå mellom to våte brusteinar AKKURAT NO.

Sikkert ikkje like epokegjerande som gode gamle Ludde, men likeframt eit eksplosivt og musikalsk stykke arbeid.