Rudi finished reading Eg rissa desse runene by Aina Basso
Ei novellesamling som (stort sett) tek utgangspunkt i runepinnar som er funne på Bryggen i Bergen. Desse trepinnane er interessante, då dei gjer eit innblikk i dagleglivet på Bryggen. Men dei er alle utan noko samanheng, så ein kan berre gjette seg til kva som kan ha vore grunnen til at nokon skreiv t.d. "Gyda seier at du skal gå heim" på ein pinne. Og det er Basso sitt prosjekt her, der ho bruker pinnane til å undersøke liva til folk som ein kanskje elles ikkje møter på i historieverk. Novellene er alle ganske korte, og dei flyt litt inn i kvarandre, der karakterar frå ei novelle kan dukke opp i ein annan. Eg kan ikkje unngå å lese ho litt i lærarmodus - kan eg nytte noko av dette i klasserommet? Og svaret er definitivt ja. Men det betyr jo at det er noko å hente i novellene for alle, sjølv om dei kanskje er særleg interessante for dei som er interesserte i norsk historie.