Rudi finished reading Travels with Charley by John Steinbeck
Eg får ikkje nok av Steinbeck. Dette er første sakprosa-boka eg har lese av han, og det er ein slags ferdaminne over ei reise rundt i USA rundt 1960 (like før han vinn nobelprisen). I klassisk amerikanarstil så reiser han rundt i ein stor bil som han kan overnatte i. Han har med seg jaktutstyr og hunden sin Charlie, men han har ikkje tankar om å gå på jakt. Det er berre så han har ei forklaring om nokon spør kva han driv med på avsides stader.
Steinbeck skildrar eit splitta folk, men prøver å sjå kva dei har til saman. Han peiker på (og punkterer) stereotypar på vegen, og han er best når han fortel historiar eller fortel om samtalar han har hatt med dei han møter på vegen. Siste del av boka er den mest intense, då havnar han i rasekonflikten i sørstatane og prøver å forstå kor den intense rasismen kjem frå. Ein kan sjå kor vanskeleg det er for Steinbeck å forstå at hans "landsmenn" kan mobilisere seg så for hat. Eg skulle eigentleg ønskje at heile boka var eit slags oppgjer med dåtida si rasisme.
Det er deler av boka der eg mister litt interessa, kanskje særleg når han faktisk skildrer reisa si. Men det er berre mellometappar mellom fine refleksjonar og gode historiar. Eg får lyst til å lese opp att Øst for Eden og Vredens druer.
