Rudi finished reading Den dagen Nils Vik døde
Då eg fekk beskjed om at mi farmor låg på sjukehuset, og at ho truleg ikkje hadde lenge att, så kasta eg meg på bussen sørover etter jobb for å vere litt med ho på sjukehuset. I hurlumheiet så plukka eg med meg ei av bøkene eg fekk til jul, utan å tenke vidare over det. Så brukte et bussturen ned langs vestlandskysten på å lese nettopp denne boka - om ein som på sin siste dag tenker att på livet han har levd. Det var eit sterkt møte med ei sterk bok, men mest av alt ei hyllest av livet med sine bunnar og sine toppar. Eg likte veldig godt å vere med på Nils Vik si siste reise.
