Rudi finished reading Lenis plassar by Øyvind Rimbereid
Dette er mitt første eigentlege møte med Rimbereid, og det er litt tilfeldig at eg starta med denne boka. Det var kjekt å lese meg "med blyant" inn i diktet og personane. Det blei etter kvart færre spørsmålsteikn i margen, sjølv om eg nok ikkje var heilt med i alle delene. For kva var greia me desse plantane? Forma gjer også at ein må tygge meir på kjærleiksforholdet som er skildra. Valet av elektrikar og call-senter-jente gjer at historia verker meir rota i røynda, sjølv om bileta ofte er surrealistiske.
