Rudi finished reading Om tyranni by Timothy Snyder
Eg veit ikkje heilt om boka har gjort seg fortent til den sterke symbolbruken på omslaget - men det er ei bok eg vil råde alle til å lese. Ho er ikkje så stor, og ho argumenterer godt for korleis ein aktivt må kjempe for demokrati og fridom. Boka er tydeleg eit resultat av Trump og ber preg av å ta utgangspunkt i Amerika, men poenga står. Kapittelet om å lese brukte eg som utgangspunkt for eit leseprosjekt med norskklassen min.
