Back

Eg kjøpte denne som ein kuriositet då da han dukka opp i ein bruktbutikk. Eg har vekse opp med årlege påskeferiar på Knaben, så det var spanande at nokon hadde laga dikt om staden. Samlinga er tredelt, de første del er "Knaben-balladen" som tek utgangspunkt i at gruvene blei lagt ned. Boka (og Arnljot Eggen) er tydeleg på venstresida, og det er ein klar sympati for arbeidarane i kampen mot storkapitalen (og staten). Men for min del var også interessant å høyre om korleis dette var ein konflikt den gong då, eg hugsar det berre som hyttegrend. Dikta i første del er eigentleg ikkje så spanande, dei er moderne i form, men ikkje i innhald. Det kunne like godt ha vore ein rekke kronikkar.

Andre del har same tematikk, men er ikkje knytt til Knaben spesifikt. Diktet om orda "arbeidstakar" og "arbeidsgivar" var finnurleg, og det er godt å sjå at kritikken til desse omgrepa er gammal.

Siste del er dikt med meir tradisjonell form, men framleis stort sett same tema. Det siste diktet, "Kva så", likte eg nok best. Han skriv politiske dikt, men kva så? Jo, ein bør engasjere seg: "Dei som spelar makteslause / spelar makta til dei få."

Eg trur ikkje eg vile anbefale denne til andre enn dei som er nysgjerrige på Knaben-kopling.