Kjerstin reviewed Så mye hadde jeg by Trude Marstein
Så mye hadde jeg
Eitt av folkeeventyra eg las som barn, handla om ein fattiggut som fekk eit ønske oppfylt, og han ønska seg at alle kvinner han møtte, skulle bli forelska i han. Med hjelp frå alle desse kvinnene han møtte på sin veg og som fekk lyst til å gjere ting for han ved første augnekast, var det berre å styre strake vegen mot kongsgarden og prinsessa (som også vart forelska ved første blikk) og halve kongeriket.
Hovudpersonen Monika i Så mye hadde jeg er den kvinnelege versjonen av denne guten. Kvar mann ho møter, blir forelska i henne og får lyst til å gje henne noko, og det tek ho imot fram til ho blir lei og får lyst på ein ny mann. Det finst sikkert slike folk der ute, og det er på ein måte interessant å vite korleis det er å vere dei, men det var eit premiss som var litt vanskeleg å tru på, og det tok litt tid før eg greidde å oversjå det. I tillegg tok det tid å venne seg til at boka ikkje skulle nokon stad, det var ingen trådar som skulle samlast og ingenting som skulle lande.
Når eg først greidde å sjå vekk frå desse irriterande elementa, vart boka vanskeleg å legge frå seg. Å lese om kva folk gjer med livet sitt er alltid interessant, og Monika har mange usympatiske trekk som ein lett kan kjenne igjen hos seg sjølv og som får ein til å heile tida dra parallellar til situasjonar i eins eige liv undervegs i lesinga. Ho vil gjerne kjenne at ho høyrer saman med nokon, men vil ikkje, eller greier ikkje, å gje noko av seg sjølv. Ho lurer på kvifor folk ikkje gjev henne det ho tykkjer ho har krav på, men tenkjer aldri over om ho sjølv skuldar andre noko. Ho lurer på kvifor folk rundt henne støttar kvarandre når noko er vanskeleg, men aldri kjem til henne for å få støtte. Ho er aldri nøgd der ho er, men tenkjer alltid at det ventar noko betre rundt neste sving. Ho har høge ambisjonar, men ingen interesser. Når ho nærmar seg seksti på slutten av boka, ser ho tilbake på mange vonbrot og oppdagar at alle tinga som ikkje vart det ho håpa, likevel er blitt eit rikt liv til saman. Alle skildringane av Monika sine val og reaksjonar på ting som skjer henne, og hennar tankar om andre menneske, gjer boka til ein page turner. Og det er interessant å sjå at ein god roman ikkje treng vere noko meir enn ei oppramsing av meir eller mindre tilfeldige hendingar. Vel verd å lese.