Back
Ian McEwan: What We Can Know (Hardcover, 2025, Jonathan Cape)

A quest, a literary thriller and a love story, What We Can Know spans the …

Det tok litt tid å forstå kva dette var for ei bok. Basert på omtalar trudde eg det var ein framtidsdystopi, men det er det ikkje. Framtida i denne boka er ikkje skildra på ein truverdig måte. Verda har gjennomlevd atomkrig og klimakatastrofe, men halve menneskeheita har overlevd (om eg hugsar rett), og vår notid, som berre er hundre år unna i boka, blir omtala som om ho skulle ligge i alle fall tusen år tilbake. Det står ingenting om den verdsomspennande svoltkatastrofen som dei som har greie på slikt, fortel oss vil vere resultatet av ein krig med atomvåpen, og som vil ta livet av dei aller fleste menneske. Og eg kjøper heller ikkje at forskarane i boka har tilgang til eit så enormt digitalt arkivmateriale som dei påstår. Alt som nokon gong har vore publisert digitalt, er framleis tilgjengeleg etter alle katastrofane, medan fysisk materiale stort sett er gått tapt. Det er umogleg å tru på, vi veit jo allereie kor forgjengeleg digitalt materiale er. Men etter kvart som eg forsto at boka ikkje handlar om framtida, men om litteratur (og litt om sjølvframstilling og kjærleik), fall mykje på plass. Det litterære mysteriet er spennande og lett å engasjere seg i, og framtidsaspektet er berre ein premiss for at mysteriet skal fungere. Dette til orientering.