Kjerstin finished reading Ikke mennesker jeg kan regne med by Kyrre Andreassen
Las første halvdel av denne boka i fjor då eg låg nokre dagar på sjukehus og fann henne på pasientbiblioteket. Då eg vart skriven ut, måtte eg levere inn boka, og no vart ho endeleg ledig på hovudbiblioteket så eg fekk lest henne ferdig. Eg elskar måten Linda tenkjer og ordlegg seg på, samtidig som eg er utruleg glad for at eg slepp å ha henne i omgangskrinsen. Utruleg kor mykje sant forfattaren får sagt om kjærleik, vonbrot og bygdesamfunn ved hjelp av ein hovudperson som hovudsakleg driv med sarkasme og dårleg skjult forakt.
