Back
Caterina Cattaneo: Finne veien hjem (Hardcover, norsk language, 2025, Liv Forlag / Forlagshuset i Vestfold) No rating

Alexandra ligner ikke seg selv der hun står krumbøyd og kaster opp i hekken utenfor …

Om å gå vidare etter overgrep: Såg denne utstilt på biblioteket og lånte henne på eit innfall, og det er eg glad for! Boka handlar om ei ung jente som opplever ei valdtekt. Men mest handlar det om kræsjet mellom hennar eigne reaksjonar og reaksjonane til dei næraste, sjølv når alt ligg til rette for at det skal gå så bra som det kan: hovudpersonen blir trudd når ho fortel, og ho er omgitt av folk som vil henne vel. Historia er fortalt gjennom mange korte kapittel frå ulike synsvinklar, som gjorde boka til ein pageturner. Prosedyrane og dei ulike psykologiske reaksjonane er truverdige, og kanskje spesielt nyttige å lese om for slike som meg, som ikkje har noka erfaring med tematikken. Eg likar måten dei ulike rollefigurane blir introdusert litt etter litt, slik at det tek litt tid før vi får grep om kven dei er. Eg likar den usubtile, in-your-face leiken med prinsippet om Tsjekhovs pistol. Klimakset verkar først alt for dramatisk, men snart forstår ein at det er meininga at det skal verke alt for dramatisk, og eg vil seie boka slepp unna med det. Første boka eg les av denne forfattaren, men ho har skrive mange, og eg får lyst til å lese fleire.