Back

finished reading Jæger: En rekonstruksjon by Ketil Bjørnstad

Ketil Bjørnstad: Jæger (Hardcover, norsk language, 2001, Aschehoug) No rating

Siste halvdel av 1800-tallet var en turbulent tid som satte uslettelige spor i verdenshistorien. Og …

No trur eg kanskje eg har fått nok av kristianiabohemen for ei stund. Eg måtte skumme gjennom dei mange sidene med referat frå diskusjonane i Studentersamfunnet. Og sjølv om dei hadde mykje interessant for seg, så er det jo ei lette å leve i ei tid der trugslar om sjølvmord ikkje er den føretrekte måten å handtere alle livets problem på.

Boka har styrkt meg i trua på at dei som snakkar om kor viktig det er å vere seg sjølv, ikkje anar kva dei snakkar om. Jægers fremste livsprosjekt, såvidt eg kan sjå, var å leve sant, vere tru mot seg sjølv og skrive sitt liv. Det inntrykket eg først og fremst sit att med, er kor utruleg sjølvopptatt han var. Det kjenner eg att fordi eg er slik sjølv, men eg håpar og trur at eg er litt flinkare til å skjule det, og eg kan ikkje la vere å tenkje at Jæger truleg ville vore ein lykkelegare mann om han også hadde prøvd litt meir på det. Han står fram som ein kunstnarsjel i den forstand at han nekta å tilpasse seg verda i sjølv den aller minste grad, og det kan ein ha stor respekt for, men eg har vanskar med å sjå at han oppnådde noko ved det. Det kjem spesielt tydeleg fram i det som står om skrivinga hans, der det blir openbert at skrivinga truleg ville gått lettare, og bøkene ville blitt betre, om han hadde hatt ein redaktør eller hadde nedverdiga seg til å diskutere skrivinga med nokon i staden for å gå seg heilt vekk i sitt eige hovud.

Eit interessant lite sidespor er det vesle som står om korleis pressa fungerte på den tida. Jæger var berre ein av mange skandinavar som prøvde å halde liv i seg på kontinentet ved å sende «korrespondentbrev» til avisene heime, og det går tydeleg fram at det ikkje fall han inn å gjere noko anna enn å bla i dei franske avisene for å sjå om det var noko der han kunne vidareformidle. Det er mykje klaging på media i dag, men eg kjenner meg overtydd om at journalistikken er lysår betre i dag enn ved førre århundreskifte.