Back
Megan Whalen Turner: The Thief (Paperback, Greenwillow Books) No rating

Eugenides, the queen's thief, can steal anything, or so he says. When his boasting lands …

Dette er ei slik bok som er meint å framkalle eit "Ååååhh" når samanhengen går opp for lesaren mot slutten, så ein kan lure på kva utbyte ein får av å lese henne på nytt, men kva kan eg seie, eg likar å besøke stader eg har vore før. Denne gongen la eg spesielt merke til lett det er å ta dei andre karakteren sine påstandar og meiningar om hovudpersonen (Gen) for gitt, ein gjer det heilt utan å tenkje. Og Gen har sjølvsagt sine eigne grunnar for å ikkje korrigere noko. Eg likar også korleis verda langsamt veks medan vi er på roadtrip med tjuven og vaktarane hans, vi får stadig små drypp om historie og religion og politikk, slik at når den store avsløringa kjem på slutten, er den politiske samanhengen på plass. Eg er glad eg la litt innsats i å skaffe meg denne boka (og dei to neste) i fysisk format.