Back
Louise Kennedy: Trespasses (Paperback, 2023, Penguin Publishing Group) No rating

Skaffa meg denne då eg var i Irland nyleg (ikkje Nord-). "The Troubles" var ein del av barndomens bakteppe, men no er det lenge sidan eg har tenkt på det, og måten boka skildrar dagleglivet i Belfast på 70-talet på, er veldig informativt. Kjærleikshistoria får mest plass, men er heile tida omslutta av "The Troubles", og først på slutten blir det klart kor umogleg kjærleikshistoria er under slike omstende. Skildringa av måten heilt vanlege folk i vanlege nabolag går fram for å "reinse" samfunnet sitt for uønskte element, kjennest spesielt relevant no når vi er på veg inn i ei nyfascistisk tid der ropa om "reinsing" og om eliminering av "dei andre" blir stadig høgare.