Innleiing
«No handlar endeleg verdssamfunnet samla, folkens! Dette er eit eksempel på at verdas land går saman for å beskytte sivile menneske!»
Eg hugsar framleis disse orda frå min dåverande lærar i Sosiologi og Sosialantropologi våren 2011. FNs sikkerheitsråd hadde akkurat vedteke resolusjon 1973, og NATOs bombefly var på vingane. Det uttala målet for aksjonen var å beskytte sivile menneske i Libya mot den grusamme diktatoren, Muammar Gaddafi, som plutseleg skulle ha gått amok og starta å massakrere sivile. Få månader seinare kunne libyske opprørarar, romantiserte i vår vestlege presse, erklære seier då dei tok hovudstaden Tripoli, og slakta Gaddafi som ein gris for opent kamera. Det såkalla «verdssamfunnet» hadde utvilsamt gjort jobben sin.
Denne versjonen av historia er det heldigvis få som framleis trur på. Fredsforskar Ola Tunander har i den nye boka si prestert ei god framstilling av krigen slik han faktisk gjekk for seg bak den ekstreme …
User Profile
Les nok mest sakprosa, men eg prøver å lese meir skjønnlitteratur.
This link opens in a pop-up window
Ivar Espås Vangen's books
Read (View all 456)
2025 Reading Goal
15% complete! Ivar Espås Vangen has read 8 of 52 books.
User Activity
RSS feed Back
Ivar Espås Vangen rated The Holocaust Industry: 4 stars
Ivar Espås Vangen rated Ten myths about Israel: 4 stars

Ten myths about Israel by Ilan Pappé
"In this groundbreaking book, published on the fiftieth anniversary of the Occupation, the outspoken and radical Israeli historian Ilan Pappé …
Ivar Espås Vangen reviewed A Feast for Crows (A Song of Ice and Fire, #4)
Review of 'A Feast for Crows' on 'Goodreads'
4 stars
Innleiing
«No handlar endeleg verdssamfunnet samla, folkens! Dette er eit eksempel på at verdas land går saman for å beskytte sivile menneske!»
Eg hugsar framleis disse orda frå min dåverande lærar i Sosiologi og Sosialantropologi våren 2011. FNs sikkerheitsråd hadde akkurat vedteke resolusjon 1973, og NATOs bombefly var på vingane. Det uttala målet for aksjonen var å beskytte sivile menneske i Libya mot den grusamme diktatoren, Muammar Gaddafi, som plutseleg skulle ha gått amok og starta å massakrere sivile. Få månader seinare kunne libyske opprørarar, romantiserte i vår vestlege presse, erklære seier då dei tok hovudstaden Tripoli, og slakta Gaddafi som ein gris for opent kamera. Det såkalla «verdssamfunnet» hadde utvilsamt gjort jobben sin.
Denne versjonen av historia er det heldigvis få som framleis trur på. Fredsforskar Ola Tunander har i den nye boka si prestert ei god framstilling av krigen slik han faktisk gjekk for seg bak den ekstreme propagandaen frå NATO og diktatura i den arabiske verden. Boka her er obligatorisk for alle som i 2011 meinte NATO gjorde det rette då dei bomba eit forsvarsløst land i Afrika til ruiner.
Løgn og bedrag for å selje inn krigen
Ein vanleg myte, som framleis vert slengt ut av folk utan peiling på krigen, er at NATOs bombekampanje vinteren 2011 kom som følgje av Gaddafis sannsynlege «massakre» på sivile i opprørsbyen Benghazi, aust i Libya. Denne myten blei brukt av Obama, Hillary Clinton, Jonas Gahr Støre, Erna Solberg, og diverse statsleiarar og internasjonale mediekanalar.
Boka til Tunander har ein av dei betre tilbakevisingane eg har lese av dette. Han viser mellom anna til at fleire menneske hadde vorte drepne av regjeringsstyrkar i Egypt og Tunisia på det aktuelle tidspunktet i mars 2011, enn i Libya, og at det ikkje fantes nokre bevis på at Gaddafi dreiv massakrar mot sivile, verken frå lufta eller bakken. Derimot, og dette vart grovt underkommunisert, fantes det fleire eksempel på stygge tilfelle av rasistisk motiverte massakrar utført av dei islamistiske opprørarane mot svarte afrikanarar i landet. I vesten vart dei same menneska portrettert som potensielle dødsskvadronar, utstyrt med viagra for å utføre massevaldtekt av libyske sivile. Snakk om å snu om på dei faktiske tilhøva!
Eit poeng som heng saman med dette er argumentet om at vald frå NATOs side var autorisert av FN, og at han derfor var siste utveg. Dette er sjølvsagt berre tull. NATO misbrukte resolusjonen frå FNs sikkerheitsråd, som attpåtil mangla støtte frå både Russland, Kina, Brasil, India og Tyskland, på fleire punkt. Resolusjonen autoriserte våpenkvile og forhandlingar, og sa klart at det ikkje var aktuelt med utanlandske okkupasjonsstyrkar på libysk territorium. Det siste vart klart oversett då oljediktaturet Qatar fungerte som vestmaktenes proxy på bakken, med over 2000 spesialstyrkar i landet. Pålegget om å søke ikkje-valdelege utvegar vart også brote da NATO berre bomba regjeringsstyrkar, og ikkje beskytta sivile som blei angripe av islamistane. Alan Kuperman hevdar at NATOs bombing truleg tidobla talet på drepne med sin eskalering, og sin øydelegging av fredsmeklinga frå Den Afrikanske Union. Det er altså absurd å tru at NATO levde opp til mandatet frå FN. Krigen var basert på løgn frå første dag.
Libya i det store biletet
Tunander viser godt kva Libyakrigen eigentleg handla om, nemleg olje og sjølvstendig eigedomsforhold til denne. Libya, som har nærmare 40 % av olja i heile Afrika, nasjonaliserte olja si i 1970, og kasta amerikanarane og britane ut frå deira koloniale militærbasar i landet. Dette har dei aldri tilgitt, og Tunander går godt gjennom dei mange stygge forsøka frå desse landa og deira klientstatar, på å styrte Gaddafi i ettertid. Gaddafi si støtte til palestinarane, ANC i Sør-Afrika, afrikansk einskap, og andre antikoloniale kampar, har vore ein torn i sida på vesten heile vegen. Vi veit dessutan også at Libya sto på USAs liste for framtidige regimeskiftekrigar etter 2001, saman med Somalia, Libanon, Syria, Irak, Sudan og Iran. Vi veit også korleis det har gått med landa på lista her: Irak er øydelagt, Syria blør i stykker, Sudan er delt i to, Somalia er framleis i kaos – og Libanon ligg framleis opent til for Israels militærmaskin. Iran er heldigvis «berre» gjenstand for sanksjonar og primitive truslar om krig.
Hillary Clinton-paranoia
Tunander si bok er jamt over godt skrive, og er godt belagt med kjelder. Likevel er det eit klart eksempel her eg stussar på. Litt ute i boka viser han til ein e-post som angiveleg skal vere sendt frå Hillary Clinton, kor det står at «den beste måten USA kan tene Israel på, er å øydelegge Syria». Denne e-posten er ikkje forfatta av Hillary Clinton, men av James Rubin, som i den opphavelege meldinga slik han vart offentleggjort på Wikileaks, seier klart at det ikkje er sikkert at Clinton sjølv deler synet han har. Eg har sett påstanden om at Hillary forfatta denne e-posten bli gjentatt ein del på diverse «alternative» og høgreekstreme nettstadar dei siste par åra. Det er mogleg det gjekk litt fort i svingane for Tunander her.
Korleis skal ein orientere seg mens krigen varer?
Tunander runder av boka med å spørje kva vi kan tru på i spørsmål om krig og fred. Det er tross alt vanskeleg å skilje sannheit frå propaganda og falskneri, og dei verkeleg viktige dokumenta blir sannsynlegvis ikkje frigjort før om mange tiår. Framleis er det mykje vi ikkje veit om krigar som fant sted fleire tiår tilbake, og det er ingen grunn til å tru at det er annleis i Libya.
Tunander konkluderer likevel, og det er eg glad for, med at ein uansett bør prøve å finne ut dette også medan konflikten er i gang. Mykje av informasjonen som flyt er tross alt sannferdig, og om han blir satt saman med andre bitar av informasjon man veit er sann, kan man etter kvart få eit bilde av hovudsaka. Men dette krev at ein veit ein del frå før, og ikkje minst at man veit kven som har interesse i å førebu folk på at krig er den «einaste løysninga». Om man i 2011 ikkje visste kven som hadde satt Libya som ein hovudfiende i Midtausten, ville det vorte mykje vanskelegare å orientere seg.
Eg syns Tunander jamt over har skrive ei god bok. Han er godt dokumentert, og er lett å slå opp i når ein er ferdig. Hovudpoenga er såpass godt lagt fram at eg tilgir den slepphendte omgangen med e-posten frå Wikileaks. Det begynner å bli fleire og fleire som innser at Libyakrigen er ein av dei største politiske skandalane i moderne norsk historie. Om ein forsvarer krigen etter å ha lese boka her, er man enten hjartelaus, eller berre sprø.
Ivar Espås Vangen rated To Hell and back: 5 stars
Ivar Espås Vangen rated Irregular War: 4 stars

Irregular War by Paul Rogers
xx, 248 pages ; 20 cm
Ivar Espås Vangen rated Drømmen om Europa: 3 stars
Ivar Espås Vangen rated The Game: 2 stars
Review of 'Requiem for the American dream' on 'Goodreads'
3 stars
Veldig fin og pedagogisk kritikk av makt og ulikhet. Veldig kjekt at også primærkildene er lagt ved i kapitlene. Likevel synes jeg dette var egna bedre som dokumentarfilm, og en rekke av resonnementene kunne med fordel ha vært utdypet mer for å overbevise.
Ivar Espås Vangen rated Islam. Den 11. landeplage: 2 stars
Ivar Espås Vangen rated The myth of male power: 3 stars

The myth of male power by Warren Farrell
Dr. Warren Farrell has embarked upon an extraordinary mission that concerns us all - to bring the sexes back together. …
Ivar Espås Vangen rated Lenin: 3 stars
Ivar Espås Vangen rated Er muslimske kvinner undertrykt?: 4 stars
Ivar Espås Vangen reviewed Frihet-likhet-farskap by Audun Lysbakken
Review of 'Frihet-likhet-farskap' on 'Goodreads'
4 stars
Et kort og konsist forsvar for fedrekvoten og en mer progressiv familiepolitikk. Det er fort gjort å glemme at mye av grunnen til den formidable produktiviteten i norsk økonomi, er å finne nettopp i familiepolitikken vår. Skillet mellom "myke" og "harde" politikkområder er egentlig tilslørende for hvordan slikt henger sammen.
Så kort fortalt: trenger man en kort og lettlest bok som sammenfatter argumentene for pappaperm og en inkluderende familiepolitikk, så er dette en god plass å starte.