Ivar Espås Vangen finished reading Den stille leiboeren by Clémence Michallon

Den stille leiboeren by Clémence Michallon
Aidan er en stødig og tiltrekkende far og enkemann som bortfører og dreper kvinner. Bortsett fra Rachel, som han har …
Les nok mest sakprosa, men eg prøver å lese meir skjønnlitteratur.
This link opens in a pop-up window
38% complete! Ivar Espås Vangen has read 20 of 52 books.

Aidan er en stødig og tiltrekkende far og enkemann som bortfører og dreper kvinner. Bortsett fra Rachel, som han har …

Sju galningar (1929) er hovudverket blant romanane til Roberto Arlt. Det er ei vill forteljing frå underverda i Buenos Aires, …
Det er ikkje så mykje å seie her anna enn at boka er solid avgrensa, godt dokumentert, og gir eit presist innblikk i Iran gjennom 1900- og 2000-talet. Forfattaren viser korleis Iran heile vegen har vorte hersa med og kontrollert av ulike stormakter, og gjennom deira handlangarar i den iranske eliten. Folkestyret og sjølvstyret har vore skadelidande kvar gong, ikkje minst i kuppet mot den folkevalte nasjonalisten Mohammed Mossadeq i 1953, støtta av britisk og amerikansk etterretning.
Perioden frå 1953 til 1979 er dessutan også interessant, og viser kor hovudlaus strategien om å kjempe for ei tilbakevending til det blodtørstige Pahlavi-kongedynastiet er. Iran var eit helvete for både minoritetar og opposisjon under sja-styret. Det er ikkje slik at diktaturet vart innført først i 1979.
Perioden med prestestyret er også godt dekka. Både prestestyret sin sementering av makta gjennom 1980-talet, kor dei knuste det som var av opposisjon til …
Det er ikkje så mykje å seie her anna enn at boka er solid avgrensa, godt dokumentert, og gir eit presist innblikk i Iran gjennom 1900- og 2000-talet. Forfattaren viser korleis Iran heile vegen har vorte hersa med og kontrollert av ulike stormakter, og gjennom deira handlangarar i den iranske eliten. Folkestyret og sjølvstyret har vore skadelidande kvar gong, ikkje minst i kuppet mot den folkevalte nasjonalisten Mohammed Mossadeq i 1953, støtta av britisk og amerikansk etterretning.
Perioden frå 1953 til 1979 er dessutan også interessant, og viser kor hovudlaus strategien om å kjempe for ei tilbakevending til det blodtørstige Pahlavi-kongedynastiet er. Iran var eit helvete for både minoritetar og opposisjon under sja-styret. Det er ikkje slik at diktaturet vart innført først i 1979.
Perioden med prestestyret er også godt dekka. Både prestestyret sin sementering av makta gjennom 1980-talet, kor dei knuste det som var av opposisjon til venstre, men også den håplause kampen mot Saddam Husseins Irak, som var støtta av nærmast heile regionen + USA. Perioden med reformvennleg leiing i landet frå 1997 til 2005 er også interessant, og viser at ein truleg hadde eit rom for å gjera Iran til ein meir "normal" aktør i det internasjonale systemet. Den sjansen greip ein ikkje.
Boka her vil eg verkeleg tilråde folk som skulle ønske dei visste meir om Iran no som Epstein-regimet sine rakettar regnar over dei. Eg kan garantere at du vil bli klokare.

En kort introduksjon til Irans moderne historie gir en levende innføring i Irans historie fra slutten av 1800-tallet og fram …
Visste du at Noreg sin første kvinnelege statsråd var kommunist? Truleg ikkje, men det var ho. Margrethe Guldal Einarsen har skrive ei framifrå historisk biografi om ei spennande dame som ikkje akkurat har fått stor merksemd av historikarar.

Norge var på 1900-tallet preget av en rekke økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle forskjeller. Skillelinjene gikk mellom sosioøkonomiske klasser, etniske …

Mankind's battle to stay alive is the greatest of all subjects. This brief, witty and unusual book by Britain's greatest …
Vi var fleire som lét oss imponere av Terje Tvedt da han i 2017 utgav "Det internasjonale gjennombruddet" (heretter "DIG"). Tvedt eit Noreg som hadde blitt grunnleggjande endra sidan 1960-talet, både som følgje av stor ikkje-vestleg innvandring, men også gjennom framveksta av "Det humanitærpolitiske kompleks" - eit samrøre av elitar i Utanriksdepartementet, bistandsverket og liknande, som nærmast hadde erstatta den norske nasjonsbyggingstanken med multikulturalisme.
Tvedt hadde nok rett i mykje. Det er ikkje vanskeleg å finne gode døme på elendige bistandsprosjekt, sløsing med pengar, og opebert uheldig samrøre mellom ulike aktørar i "komplekset". Heile førestillinga om "fredsnasjonen Noreg" har dessutan blitt flauare og flauare med åra. Epstein-skandalen kan dessutan synest å stadfeste mange av skuldingane Tvedt kom med i DIG.
Når "alle" er einige om at ei bok er så genial, må ein vera på vakt. Eg har derfor prøvd å lese "motboka" som Jostein Gripsrud, professor i …
Vi var fleire som lét oss imponere av Terje Tvedt da han i 2017 utgav "Det internasjonale gjennombruddet" (heretter "DIG"). Tvedt eit Noreg som hadde blitt grunnleggjande endra sidan 1960-talet, både som følgje av stor ikkje-vestleg innvandring, men også gjennom framveksta av "Det humanitærpolitiske kompleks" - eit samrøre av elitar i Utanriksdepartementet, bistandsverket og liknande, som nærmast hadde erstatta den norske nasjonsbyggingstanken med multikulturalisme.
Tvedt hadde nok rett i mykje. Det er ikkje vanskeleg å finne gode døme på elendige bistandsprosjekt, sløsing med pengar, og opebert uheldig samrøre mellom ulike aktørar i "komplekset". Heile førestillinga om "fredsnasjonen Noreg" har dessutan blitt flauare og flauare med åra. Epstein-skandalen kan dessutan synest å stadfeste mange av skuldingane Tvedt kom med i DIG.
Når "alle" er einige om at ei bok er så genial, må ein vera på vakt. Eg har derfor prøvd å lese "motboka" som Jostein Gripsrud, professor i medievitskap, skreiv i 2018. Etter å ha lese ho kjenner eg nærmast at eg skjemmast over kor ukritisk eg openbert las Tvedt tilbake i 2017. Mykje av det Tvedt skriv om "inntoget" av multikulturalismen i Stortingsmeldingane i etterkrigstida er rett og slett uærleg gjengjeve når ein ikkje berre "cherry picker" setningar som stadfestar påstanden sin. Det er også openbert at Tvedt har redigert bort store delar av det offentlege Noreg sitt "gode" syn på verda utanfor Noreg i tida før 1963 (som altså er startpunktet Tvedt har sete for "Det internasjonale gjennombrotet"). Det same gjeld menneskerettane, som har hatt ein sentral plass i det norske ordskiftet mykje lenger tilbake enn det Tvedt hevdar.
Tvedt sitt poeng om at "multikulturalismen" liksom har lagt lokk over innvandringsdebatten, er også vanskeleg å bevise. Tvert imot finn ein fleire døme på seriøse diskusjonar om innvandringspolitikk både tidleg på 1970-talet, og seint på 1980-talet. Det er riktig at mellom anna Framstegspartiet i periodar vart brunbeisa, men noko av grunnen ligg i at partiet ganske opent pleide kontaktar nettopp til nyfascistiske miljø
Alt i alt synst eg Gripsrud har skrive eit viktig korrektiv til ei bok som har fått alt for lite kritisk søkelys mot seg. Innvendinga mi handlar om at også Gripsrud sjølv nokre gonger blir litt omtrentleg i kritikken sin, og nokre gonger kanskje gjer same feil som Tvedt sjølv, nemleg å nærmast idiotforklare den ein polemiserer imot.

I Det internasjonale gjennombruddet (2017) hevder Terje Tvedt at en politisk elite har ført det norske folk bak lyset for …
Mykje bra her, altså. Seierstad har funne interessante folk på reisane sine, også i område av Russland dei fleste nordmenn ikkje veit noko som helst om. Vi får eit interessant innblikk i korleis krigen mot Ukraina har brutalisert det som allereie var eit djupt valdeleg og autoritært samfunn.
Eg saknar kanskje likevel litt meir..fakta, rett og slett. Eg kjenner meg ikkje så mykje klokare på korleis krigen eigentleg har påverka folk flest i kvardagen, både høg og låg. Heller ikkje får eg vita noko særleg om korleis (og korfor) russarar skil seg så grunnleggjande frå resten av Europa i fleire viktige verdispørsmål. Eg forstår at det her ikkje skal vera ei sånn bok, men eg må berre innrømme at eg ikkje eigentleg lærte så mykje nytt om Russland, sjølv om boka er velskrive og svært spennande.

For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre …

Ewa Sapieżyńska er én av mange tusen polakker i Norge. Dette er hennes bekymringsmelding og kjærlighetserklæring til landet hun har …
@ejnro Det der trur eg må ha vore ei spennande tid å drive med ungdomspolitikk. Eg fekk så vidt meg meg etterdønningane av perioden der da eg meldte meg inn i Raud Ungdom våren 2011.
Frå mitt perspektiv er SV på mange måtar eit betre parti no enn i 2005. Profilen handlar litt mindre om enkeltssakar, og meir om heilskapleg sosialistisk omfordeling. Eg trur det har breiare appell enn kva Halvorsen og Solheim sitt SV hadde. Utfordringa i dag ligg mykje i Raudt og MDG.
Eg håpar (og trur) det framleis finst ei framtid for SV i Noreg, men da må ein overtyde veljarane at partiet har "det beste" frå alle kantar på raudgrøn side. Den balansen er ikkje enkel..