Back
Hulda Kjeang Mørk: En kort introduksjon til Irans moderne historie (Paperback, Cappelen Damm Akademisk)

En kort introduksjon til Irans moderne historie gir en levende innføring i Irans historie fra …

God introduksjon til eit land dei færraste kjenner godt

Det er ikkje så mykje å seie her anna enn at boka er solid avgrensa, godt dokumentert, og gir eit presist innblikk i Iran gjennom 1900- og 2000-talet. Forfattaren viser korleis Iran heile vegen har vorte hersa med og kontrollert av ulike stormakter, og gjennom deira handlangarar i den iranske eliten. Folkestyret og sjølvstyret har vore skadelidande kvar gong, ikkje minst i kuppet mot den folkevalte nasjonalisten Mohammed Mossadeq i 1953, støtta av britisk og amerikansk etterretning.

Perioden frå 1953 til 1979 er dessutan også interessant, og viser kor hovudlaus strategien om å kjempe for ei tilbakevending til det blodtørstige Pahlavi-kongedynastiet er. Iran var eit helvete for både minoritetar og opposisjon under sja-styret. Det er ikkje slik at diktaturet vart innført først i 1979.

Perioden med prestestyret er også godt dekka. Både prestestyret sin sementering av makta gjennom 1980-talet, kor dei knuste det som var av opposisjon til venstre, men også den håplause kampen mot Saddam Husseins Irak, som var støtta av nærmast heile regionen + USA. Perioden med reformvennleg leiing i landet frå 1997 til 2005 er også interessant, og viser at ein truleg hadde eit rom for å gjera Iran til ein meir "normal" aktør i det internasjonale systemet. Den sjansen greip ein ikkje.

Boka her vil eg verkeleg tilråde folk som skulle ønske dei visste meir om Iran no som Epstein-regimet sine rakettar regnar over dei. Eg kan garantere at du vil bli klokare.