Ivar Espås Vangen reviewed Norsk hamskifte? by Jostein Gripsrud
Passeleg korrektiv til Terje Tvedt
4 stars
Vi var fleire som lét oss imponere av Terje Tvedt da han i 2017 utgav "Det internasjonale gjennombruddet" (heretter "DIG"). Tvedt eit Noreg som hadde blitt grunnleggjande endra sidan 1960-talet, både som følgje av stor ikkje-vestleg innvandring, men også gjennom framveksta av "Det humanitærpolitiske kompleks" - eit samrøre av elitar i Utanriksdepartementet, bistandsverket og liknande, som nærmast hadde erstatta den norske nasjonsbyggingstanken med multikulturalisme.
Tvedt hadde nok rett i mykje. Det er ikkje vanskeleg å finne gode døme på elendige bistandsprosjekt, sløsing med pengar, og opebert uheldig samrøre mellom ulike aktørar i "komplekset". Heile førestillinga om "fredsnasjonen Noreg" har dessutan blitt flauare og flauare med åra. Epstein-skandalen kan dessutan synest å stadfeste mange av skuldingane Tvedt kom med i DIG.
Når "alle" er einige om at ei bok er så genial, må ein vera på vakt. Eg har derfor prøvd å lese "motboka" som Jostein Gripsrud, professor i medievitskap, skreiv i 2018. Etter å ha lese ho kjenner eg nærmast at eg skjemmast over kor ukritisk eg openbert las Tvedt tilbake i 2017. Mykje av det Tvedt skriv om "inntoget" av multikulturalismen i Stortingsmeldingane i etterkrigstida er rett og slett uærleg gjengjeve når ein ikkje berre "cherry picker" setningar som stadfestar påstanden sin. Det er også openbert at Tvedt har redigert bort store delar av det offentlege Noreg sitt "gode" syn på verda utanfor Noreg i tida før 1963 (som altså er startpunktet Tvedt har sete for "Det internasjonale gjennombrotet"). Det same gjeld menneskerettane, som har hatt ein sentral plass i det norske ordskiftet mykje lenger tilbake enn det Tvedt hevdar.
Tvedt sitt poeng om at "multikulturalismen" liksom har lagt lokk over innvandringsdebatten, er også vanskeleg å bevise. Tvert imot finn ein fleire døme på seriøse diskusjonar om innvandringspolitikk både tidleg på 1970-talet, og seint på 1980-talet. Det er riktig at mellom anna Framstegspartiet i periodar vart brunbeisa, men noko av grunnen ligg i at partiet ganske opent pleide kontaktar nettopp til nyfascistiske miljø
Alt i alt synst eg Gripsrud har skrive eit viktig korrektiv til ei bok som har fått alt for lite kritisk søkelys mot seg. Innvendinga mi handlar om at også Gripsrud sjølv nokre gonger blir litt omtrentleg i kritikken sin, og nokre gonger kanskje gjer same feil som Tvedt sjølv, nemleg å nærmast idiotforklare den ein polemiserer imot.
