Ivar Espås Vangen finished reading Den slaviske tragedien by Hans-Wilhelm Steinfeld
Det er mykje bra i boka her, og det er verkeleg spennande når Steinfeld greier å dra inn personlege historiar med alle moglege høgtståande sovjetiske og russiske toppfolk frå karrieren sin som korrespondent i Moskva. Det er også spennande å lese om det han fant ut som hovudfagsstipendiat på sovjetisk jordbrukshistorie på 1970-talet.
Samstundes blir boka litt rotate. Den raude tråden er nokre gonger vanskeleg å gripe oppe i alle omvegane han tek gjennom forteljinga, og dessutan gjentek han seg sjølv fleire gonger. Det er eit gjennomgåande problem med bøker som er gjeve ut på små forlag. Eg synst dessutan det han skriv om den pågåande krigen mot Ukraina er meir prega av ønsketenking enn av sober analyse, og spesielt med røynslene vi har fått sidan boka vart publisert tidleg i 2024.
