Back
Monica Goksøyr, Ane Barmen (Narrator): Slemme jenter (AudiobookFormat, Norsk language, 2023, Aschehoug) 4 stars

Ei jente forelskar seg i ei anna jente, men vert sviken idet ho kjenner seg …

– God morgon, TIBA, seier Ann-Berit. Ann-Berit er teamleiar og føretrekker å bruke folk sitt brukarnamn i staden for namn. Mí trur det har noko med motivasjon å gjere, sidan Ann-Berit er ansvarleg for motivasjon. Brukarnamna er systemgenererte samantrekningar av namna til saksbehandlarane som administrerer avdelingas saksbehandlingssystem. Mí sitt brukarnamn er TIBA. God morgon, Ann-Berit, seier ho og loggar seg inn i systemet. TIBA er brukarnamnet hennar, men det står ikkje for hennar namn. Det står for namnet til den førre saksbehandlaren, ho som Mí erstatta for to år sidan. Dei sa at det var ei mellombels løysing, og gav henne innloggingsinformasjonen til den ekte TIBA på ein Post-it-lapp; ho fekk bruke det inntil administrasjonsfolka fekk oppretta eigen brukar på henne, sa dei. Administrasjonsfolka har mykje å gjere. Framleis er det tibas passord ho skriv inn kvar dag: CarpeDiem!

Slemme jenter by ,