Ikkje at det var klagesaksbehandlar Mí drøymde om å verte då ho var barn, men då visste ho ikkje at det fanst klagesaksbehandlarar eingong. Ho visste at det fanst ballettdansarar, fordi bestemora hadde eit VHS-opptak av ei fjernsynssending av Nøtteknekkaren. Mí byrja å gå i lære hos ei amerikansk dame som var gift med ein cruisekaptein i bygda deira, men så kom ho i puberteten. Resten av kroppen hennar forblei lang og tynn og flatbrysta, men hoftene vart uproporsjonalt breie og rumpa uproporsjonalt tung. Pæreform, las ho ein gong at det heitte. Ein kunne ikkje verte ballettdansar med pæreform. No veit Mí at det finst klagesaksbehandlarar, og no er det det ho vil vere. Det er betre å vere klagesaksbehandlar enn å ikkje vere det.