Eivind (like the Terrible) quoted Den kortaste historia om Tyskland by Astrid S. Dypvik (Den kortaste historia om, #2)
Før 2017 var Tyskland eit av få europeiske land utan noko populistisk ytre høgre-parti i parlamentet. No har det delvis høgreekstreme partiet Alternativ for Tyskland (AfD) fått oppslutnad på over 10 prosent i to forbundsdagsval, og Bundesamt für Verfassungsschütz (BfV), statsorganet som har ansvar for nasjonal tryggleik, karakteriserer ytre høgre som det fremste trugsmålet mot Tysklands demokrati og nasjonale tryggleik.
Grunnen til at Tyskland lenge ikkje hadde noko slikt parti, har delvis å gjere med at det i store delar av samfunnet var ein sterk skepsis til ytre høgre på grunn av historia. Men det kjem også av at historisk revisjonisme og politisk revansjisme hadde god plass innanfor det kristendemokratiske partiet CDU før Angela Merkel vart partileiar.
— Den kortaste historia om Tyskland by Astrid S. Dypvik, Silje Breivik (Narrator) (Den kortaste historia om, #2)