Raudt støv

Bok 1: roman

Hefta

Norwegian nynorsk, Norwegian language

Published May 3, 2024 by Det Norske Samlaget.

ISBN:
978-82-340-1279-2
Copied ISBN!
3 stars (1 review)

Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven

Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak ein åsrygg i jungelen i Malaysia. Dei er i fiendens habitat, jakta av blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank.

Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. Nordvest i Australia klarer ein liten by enno å halda stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong.

Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer …

4 editions

reviewed Raudt støv by Tore Kvæven

SciFi-dystopi på poetisk nynorsk

3 stars

Content warning Kan inneholde små spoilere