Ivar Espås Vangen reviewed Oljeboka by Øystein Sjølie
Utfordring til miljørørsla
4 stars
Debatten om norsk oljeproduksjon er verkeleg polarisert. På den eine sida kan det synest som at ein har klimafornektarar som ikkje trur at CO2 har nokon konsekvensar for temperaturauke på jorda, mens ein på den andre sida har folk som har som viktigaste politiske prioritering at olje- og gassnæringa i Noreg skal bli nedlagt.
Men kva med alle som er mellom disse posisjonane?
Øystein Sjøli har gjort eit forsøk på å skrive ei bok som ryddar litt i ordskiftet. Han oppgir tidleg i boka at klimaendringane er både reelle og svært truleg delvis menneskeskapte, og han nyttar gjennomgåande rapportane frå klimapanelet i FN som autoritativ kjelde i spørsmålet her. Eg synst han gjer ein god jobb i å ikkje karikere dei av oss som ønskar raskare omstilling til grøn energi, samstundes som at han markerer klart kor usemja ligg. Det er eigenskapar vi treng mykje meir av i …
Debatten om norsk oljeproduksjon er verkeleg polarisert. På den eine sida kan det synest som at ein har klimafornektarar som ikkje trur at CO2 har nokon konsekvensar for temperaturauke på jorda, mens ein på den andre sida har folk som har som viktigaste politiske prioritering at olje- og gassnæringa i Noreg skal bli nedlagt.
Men kva med alle som er mellom disse posisjonane?
Øystein Sjøli har gjort eit forsøk på å skrive ei bok som ryddar litt i ordskiftet. Han oppgir tidleg i boka at klimaendringane er både reelle og svært truleg delvis menneskeskapte, og han nyttar gjennomgåande rapportane frå klimapanelet i FN som autoritativ kjelde i spørsmålet her. Eg synst han gjer ein god jobb i å ikkje karikere dei av oss som ønskar raskare omstilling til grøn energi, samstundes som at han markerer klart kor usemja ligg. Det er eigenskapar vi treng mykje meir av i tida vi lever i.
Det fascinerande med boka her, er korleis Sjølie, som økonom, går fram for å drøfte vektinga mellom kostnadane ved ein meir aktiv politikk for utsleppskutt, opp imot skadane som vil følgje av temperaturauke, og eventuelle tilpassingar menneskeslekta må gjera for å handtere dei. Kva seier for eksempel klimapanelet i FN om konsekvensane av ei global oppvarming på ca. 3 gradar? Det veit nok dei færraste av oss, men skildringane deira er langt mindre alvorlege enn ein fort kan få inntrykk av når ein les kva politikarar og aktivistar har sagt dei siste åra. Eit problem er at ein ofte tek utgangspunkt i dei aller verste, og dessutan svært usannsynlege "worst case"-scenaria (som i media gjerne blir omtala som "business as usual", som altså er heilt feil), i rapportane når ein skriv artiklar i pressa.
Det som faktisk er mest sannsynleg er eit scenario kor dei fleste landa held fram med dagens klimapolitikk, utan eigentleg å gjera han meir ambisiøs. Da vil ein lande på ei temperaturauke på om lag 3 gradar over førindustrielt nivå, altså langt over 1,5, og 2-gradarsmåla. Om kvart land held seg til måla sine i Parisavtalen, landar vi på 2,6 gradar. Kva det vil tyde for menneskeleg velstand er litt uklart, men IPCC sjølv meiner at det vil tyde noko sånt som 3 prosent lågare BNP i 2100 enn ein ville ha hatt utan temperaturauke i det heile. Utfordringa er at effekten vil vera langt meir negativ i mange land som allereie er varme, først og fremst fordi dei også er fattige.
Sjølie skriv også ein del om kva olje og gass bidrar med av gode ting i verda. Ein ting er kva olja gjer for oss som bur i rike samfunn, men dei samfunna som verkeleg har behov for petroleum i åra som kjem, er trass alt utviklingslanda som går gjennom stor velstandsvekst.
Meiner Sjølie dermed at ein berre bør lene seg tilbake og kutte ut all klimapolitikk? Nei, det gjer han faktisk ikkje. Han tek mellom anna til orde for ein offensiv avgiftspolitikk på CO2, som bør stå i høve til velstanden i dei enkelte landa.
Boka her gav meg mykje å tygge på. Eg synst det var frigjerande å lesa ei bok om olje og klima som er såpass nøktern og grundig. Eg har sjølv vore, og er nok framleis meir pessimistisk enn det eigentleg er grunn for meg å vera. Nokre tiltak som eg dessutan har vore tilhengar av, for eksempel karbonavgift til fordeling (KAF), skulle eg sett at Sjølie kom inn på i boka. Han nemnar for eksempel at det er vanskeleg å få med folk på harde klimaavgifter, og ser på det som ein god ting at inntektene frå avgiftene kjem til staten. Men korfor det, eigentleg? Eg vurderer å sende ein e-post og spørje han.
Eit anna "problem" med boka, er at ho verkar litt uredigert. Ho er velskrive og informativ, men nokre poeng dukkar opp fleire gonger. Ho kunne med fordel ha vore litt kortare og strammare, synst eg. Her ligg nok problemet i at ingen større forlag ville gi ut boka, noko som i seg sjølv seier ein del om stoda i ordskiftet om tematikken her.
Alt i alt vil eg definitivt råde folk til å lese ho, og kanskje spesielt folk som er litt ute på ytterkantane i debatten her. Kjøp boka i gåve til onkelen din som er klimafornektar, men også til søskenbarnet ditt som kastar olje på kunstmåleri. Dei har begge godt av å stikke fingeren litt i jorda.