Fin avhandling om ei interessant tid
"Han sad ved et Vindue med Jernstænger for og læste i en Bog." Sjølv om avhandlinga ikkje etablerer ein samanheng mellom opprøret og lesestoffet til Lofthus og krinsen hans, vert tilnærminga svært lesverdig. Boka dukkar djupt i skifta etter Lofthus-tilhengarane, og gjev eit godt bilete av kva bønder på Sørlandet las fleire tiår før leseselskapa og allmuebiblioteka vart vanlege i landsdelen.