Angst. Kunst. Skriving. Motstand.
Ei rik framstilling av ein indieforfattars lidingar. Eit konstant køyr og ein uslokkeleg torste etter å lukkast som forfattar. Og etter å sikre etterlivet til romanane i bokhandlar og bibliotek. Det litterære amibsjonsnivået og hungeren etter anerkjenning står ikkje attende for Knausgård. Men trass i alle dei knausgårdske lidingane og all den zweigske strykinga, må det strykast endå hardare for å nå kultstatusen som verket og forfattaren stundar etter. Og kanskje legge til illustrasjonar - i stil med W.G. Sebald? Fleire av tekstane treff hardare på forfattarbloggen enn i bokform.