Lesverdig for alle som bryr seg om Noreg
5 stars
Ein kan lure på korleis Mìmir har tid til å skrive så mange bøker samstundes som han er stortingsrepresentant, pappa, kjærast og podcastar. Det begynner å bli openbert at denne mannen har fleire timar i døgnet enn oss andre.
Uansett: boka her var jævleg god. Ikkje fordi ein nødvendigvis lærer så mykje nytt. Gjennom boka kjem Mímir inn på både arbeidsliv, pensjon, barnehage, sjukehus, EU, boligpolitikk, jernbane og skatt. Han argumenterer godt for korfor det er idiotisk at norske politikarar legg seg på rygg for openbert destruktiv politikk frå EU, korfor helseforetaksmodellen i grunn handla både om sparing og å avgrense demokratisk kontroll, og korfor det var heilt hòl i hovudet å privatisere jernbanen.
Om ein allereie er langt ute på ytre venstre politisk vil nok mykje av det her framstå som litt kjedeleg og traust sosialdemokratisk nostalgi. Men kva så? Det er faktisk eit problem i Noreg at Arbeidarpartiet …
Ein kan lure på korleis Mìmir har tid til å skrive så mange bøker samstundes som han er stortingsrepresentant, pappa, kjærast og podcastar. Det begynner å bli openbert at denne mannen har fleire timar i døgnet enn oss andre.
Uansett: boka her var jævleg god. Ikkje fordi ein nødvendigvis lærer så mykje nytt. Gjennom boka kjem Mímir inn på både arbeidsliv, pensjon, barnehage, sjukehus, EU, boligpolitikk, jernbane og skatt. Han argumenterer godt for korfor det er idiotisk at norske politikarar legg seg på rygg for openbert destruktiv politikk frå EU, korfor helseforetaksmodellen i grunn handla både om sparing og å avgrense demokratisk kontroll, og korfor det var heilt hòl i hovudet å privatisere jernbanen.
Om ein allereie er langt ute på ytre venstre politisk vil nok mykje av det her framstå som litt kjedeleg og traust sosialdemokratisk nostalgi. Men kva så? Det er faktisk eit problem i Noreg at Arbeidarpartiet sjølv ikkje gjer den jobben ein forventar av eit sosialdemokratisk parti. Da går faktisk stafettpinnen vidare. Mímir har gjort den jobben eg skulle ønske at Ap gjorde sjølv - nemleg å innsjå at mykje av den nyliberale dreiinga sidan 1980-talet har øydelagt mykje av det arbeidarrørsla kjempa for.
Når ein les boka forstår ein også kva ordet "konservativ" eigentleg tyder - nemleg å ta vare på det gode ein har i samfunnet ein lever i. På mange måtar er boka her noko av det mest konservative eg har lese. Det dreier seg trass alt om eit forsvar for mykje av det dei fleste av oss set pris på med landet vi bur i. Det er dette som er konservativt - ikkje revolusjonære vyar om å kutte fleire hundre milliardar frå statsbudsjettet, som vi kan få inntrykk av andre stadar.
Eg håper folk les boka her. Ikkje først og fremst oss i Mìmir sitt eige parti, men aller helst folk frå heile det store raudgrøne laget i politikken. I boka her trur eg det er mykje klokt ein kan einast om. Kanskje kan den til og med overtyde ein og annan forvirra FrP-veljar som trur Framstegspartiet sin politikk vil gjera Noreg greitt att..