User Profile

Andreas H.O.

tanketom@books.babb.no

Joined 2 years, 6 months ago

Netthode, røynd geriljaarkivar, nyfiken, spelglad, småbarnspappa, har eit rekreasjonelt forhold til rekneark, sykler på ein el-omafiets, gjer Kessel Run på under 12 ps. Tidlegare radiofjes. #dftba #grønn

This link opens in a pop-up window

Andreas H.O.'s books

Currently Reading

Stopped Reading

2026 Reading Goal

25% complete! Andreas H.O. has read 3 of 12 books.

Agnes Ravatn: Doggerland (Hardcover, Nynorsk language, 2025, Samlaget)

Intenst kammerspel-om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.

I den mektige …

Mennesket - den beste språkmodellen

Eg elskar Agnes Ravatn. Kvar gong eg trur eg har taket på ho, så snor ho seg or grepet, og gjer noko uventa. Det er 2025, vi bur her no, og om det er éin person eg vil skal skrive ein roman som handlar om generasjonsskifte i forlagsbransjen, men kanskje eigentleg handlar om vår sterkt menneskelege svolt på å lage og innta historier, så er det ho.

reviewed Little Brother by Cory Doctorow (Little Brother, #1)

Cory Doctorow: Little Brother (EBook, 2010, Tor Teen)

Seventeen year old Marcus and his friends are in the wrong place at the wrong …

Meir aktuell no enn då

Dette er ei bok du gjer, ikkje ei bok du leser, seier forfattar Doctorow sjølv. Ansjå den som ei lærebok som også er ei underhaldande historie – ei som i desse dagar er meir aktuell enn då boka vart utgiven.

Anne Gunn Halvorsen: Mitt internett (Hardcover, Norsk nynorsk language)

Korleis vart internett ein del av oss? Dette spørsmålet utforskar Anne Gunn Halvorsen i denne …

Som om eg skulle ha skrive det sjølv

Halvorsen er litt eldre enn meg, men det er veldig mykje attkjenneleg her, å vekse opp inst i ein fjord og finne «stammen» sin på internett. Fint å få den same historia fortalt frå eit litt anna perspektiv.

John Green: Everything Is Tuberculosis (American English language, 2025)

Everything Is Tuberculosis: The History and Persistence of Our Deadliest Infection is a book by …

Ei kort historie om nesten alt

John Green er god på dei lange linjene, og ikkje minst å snirkle seg mellom mange ulike trådar. Eg har fulgt han og broren Hank gjennom snart to tiår, og dei siste åra – allereie før denne boka var kjend – hadde han brått mange referansar til sjukdomen i videoane hans på nettet. Denne boka er resultatet av researchen hans, som brukar tuberkulose som linse til å sjå på vår moderne historie, både geopolitisk og medisinsk.

Fun fact-svolten som eg er, så likar eg nok endå betre dei historiske delane av boka enn dei som omhandlar hans ven Henry, som har lidd av sjukdomen – som ein etter kvart lærer at er veldig unngåeleg – gjennom mesteparten av sitt liv, men det er framleis sterk lesing. Meir enn ei historie OM tuberkulose er nok denne boka ei forteljing om kvifor du burde BRY deg om tuberkulose – no bryr …

Jakob Martin Strid, Håkon Viggen: Den fantastiske bussen (Hardcover, Bokmål language, 2025, Vigmostad Bjørke)

I slummen i Ahnstarr City hersker desperasjonen. En etter en blir boliger jevnet med jorden, …

Ghibli møter anarkistane på Svartlamoen

No rating

I ein lettare postpokalyptisk storby bur ei samling dyr i ein ghetto med kondemnerte hus på havna. Byen ynskjer å hive dei ut, nokre av dei er sjuke, alkoholiserte, og/eller berre gamle drøymarar. Ei ny von dukkar opp, håpet om det magiske landet Balanka.

Strid har nydelege teikningar, og har fått lov til å ta mykje plass – her kan fire sider brukast på ei enkelt rørsle. Ei fantastisk cinematisk barnebok, som eg håper får bli ein fantastisk barnefilm og ikkje ein «førstemann til mølla til å kjøpe filmrettane».