Norwegian nynorsk language
Published by Det norske samlaget.
Norwegian nynorsk language
Published by Det norske samlaget.
Leda er ei middelaldrande, skild kvinne, dedikert til arbeidet sitt som engelsklærar og til dei to døtrene sine. Då døtrene flyttar til faren i Canada, kjenner Leda seg fri, som om livet hennar har blitt lysare, lettare. Ho bestemmer seg for å dra på ferie ved sjøen, til ein liten kystby i Sør-Italia. Men etter nokre få rolege og stille dagar begynner hendingane å ta ei skummel vending. Leda støyter på ein familie med ein innpåsliten veremåte som blir meir og meir urovekkjande, nokre gonger direkte truande. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho gjorde som ung mor, og konsekvensane desse vala fekk for henne og familien. Den tilsynelatande enkle historia om ei kvinne som gler seg over å gjenoppdage seg sjølv, blir snart ei historie om ein frykteleg konfrontasjon med ei uoppgjord fortid.
I denne romanen utforskar Elena Ferrante dei motstridande kjenslene som knyter …

I denne romanen utforskar Elena Ferrante dei motstridande kjenslene som knyter oss til barna våre.