Kva det er som skjer i eit ras? Heilt enkelt: Noko ein trudde satt bom fast, losnar. Det kan føre til stor øydelegging, men ikkje alltid. I overført betyding kan eit slikt ras vere svært gunstig for eit menneskje. Eller som Kjersti Wøien Håland skriv i diktsingelen «Rasfare»:
dei som er viktige rasar inn i livet og legg seg som tunge steinar du kan klatre på
Og viser kor samansett det lette og tunge, viktige og vanskelege, er i såkalla vanleg liv. Ikkje bare kan vere, men er. …