Paperback, 120 pages
Nynorsk language
Published 2024
Paperback, 120 pages
Nynorsk language
Published 2024
Vi har i mange tiår prøvd å bli kloke på damene. Mange kveldar og seine netter har vi diskutert og prøvd å sette oss inn i korleis dei tenker og kva dei eigentleg meiner.
På eit tidspunkt fann vi ut at vi skulle ta oss tid til å skrive ei bok om temaet. Resultatet vart boka «Korleis forstå damer». Ettersom det å prøve å forstå damer truleg ikkje berre er noko som blir diskutert her til lands, har vi laga ei fleirspråkleg bok, og den vil såleis vere aktuell for sal i store deler av verda.
Vi er jo smerteleg klar over at salet av fysiske bøker går ned, og færre og færre orkar å lese bøker. Derfor har vi prøvd å gjere boka så lett å lese at dei fleste kan greie å komme seg gjennom denne.