Ungdomstida er kort, intens og plutseleg avgjerande; venskap som blir sitjande i kroppen, erfaringar som ein byggjer vidare på livet ut. Eg er Ekko fortel om Jor og Ekko, som møtes i ei utforsking av det å skape. Men kva skjer når den som opnar opp avgjerande sider av livet for ein, ikkje lenger orkar å leve?
Kvart år er det i Noreg rundt 650 menneske som tek livet sitt. Kvart år er med dette eit ukjent antal pårørande overlatne til sorg, sinne, flyktige minner og lause trådar – …