Melancholia I-II

Melancholia I-II er eit hovudverk i nyare norsk og europeisk litteratur og handlar om kunstnaren Lars Hertervig (1830-1902), målaren av lyset.

Vi følgjer han ein haustdag i Düsseldorf i 1853, den dagen han blir kasta ut frå hybelen sin fordi han har forelska seg i dottera i huset. Vi møter han igjen julaftan 1856, den dagen Hertervig rømmer frå Gaustad etter å ha vore innlagd i to år. I Melancholia I-II er vi i Stavanger i 1902. Hovudpersonen er ei fiktiv søster til Lars Hertervig, Oline. Lars er død, …

Paperback, 620 pages

Norwegian nynorsk, Norwegian language

Published by Samlaget.

Show more
ISBN:
978-82-340-1262-4
Copied ISBN!

Reviews

Langsom og trist

Melancholia blir sett gjennom forskjellege augar. Den fyrste delen av Melancholia I er fabelaktig. Tankane til Lars på ein ettermiddag i Düsseldorf er bra skrevne.

Dei øvrige delane er mindre interessante. Fosses oppattaking er ikkje like effektiv i denne tematikken, verkar det som. Til tidar sitt eg og ventar, utolmodig, på den neste tingen.

Melancholia II trengs ikkje for å forstå Melancholia I, og eg kan fint anbefale å hoppe over den om ein ikkje har lust å lese den. Den kan vera fin, men er den svakaste delen av samleboka.