Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidlig. Morgon og kveld. I storm og stille. Mot aust og mot vest. Bare måsane følger han, dei mumlar og klagar, verkar unaturlig kvite der dei heng over båten. Nils Vik snur seg. Huset glir straks ut av syne. Neste gong han snur seg, vil han ikkje kunne sjå det.
I hjartet av Norge legg ein båt frå land. Vi følger Nils Vik på hans siste reise. Han er ein enkel …