Liten fugl er ei bok, men også ei kiste full av overraskingar. På sidene finn vi menn som blir til eldfluger og kvinner som har ein liten fugl i lomma på jobbintervju, eller med eit blikk forvandlar hagearbeid til performans. Nokre av forteljingane går føre seg i Nord-Noreg, andre i Peru, og andre igjen på ikkje bestemte stader. Men uansett landskap går hovudpersonane gjennom kvardagen som om den både var deira eige territorium – og ein lett hallusinasjon. For her blir alle rom uvisse: Migrasjonen er ikkje berre geografisk, men …
Liten fugl
Liten fugl er ei bok, men også ei kiste full av overraskingar. På sidene finn vi menn som blir til eldfluger og kvinner som har ein liten fugl i lomma på jobbintervju, eller med eit blikk forvandlar hagearbeid til performans. Nokre av forteljingane går føre seg i Nord-Noreg, andre i Peru, og andre igjen på ikkje bestemte stader. Men uansett landskap går hovudpersonane gjennom kvardagen som om den både var deira eige territorium – og ein lett hallusinasjon. For her blir alle rom uvisse: Migrasjonen er ikkje berre geografisk, men også emosjonell og mental. I desse tekstane blandar sorg, framandkjensle, humor seg i eit undrande – nærmast magisk – blikk på verda. Slik kastar Liten fugl lys over mørke soner i tilværet og forvandlar dei til små openberringar.
Paperback, 139 pages
nynorsk language
Published 2026 by Les Bones Dones.
Show more
- ISBN:
- 978-82-693462-3-7Copied ISBN!