Hardcover, 143 pages
nynorsk language
Published 2025 by berrekristin.
Hardcover, 143 pages
nynorsk language
Published 2025 by berrekristin.
«Når alt rundt oss syng» er den femte diktboka til berrekristin, Kristin Straume. Den gule boka handlar om gleda som spirer - midt i det uferdige og sårbare. Med varme, glimt i auga og djupt alvor, inviterer boka deg til å vera heil, akkurat slik du er. Dikta hentar tema og motiv frå kvardag, natur og relasjonar, med trøyst, humor og gjenkjenning for deg som vil leva nærare livet og vera meir til stades. Dette er nynorsk poesi som er tilgjengeleg for dei fleste.
Ei diktbok som passar perfekt som gåve til nokon du bryr deg om, eller som ei stille hand å halda i sjølv. Alle dikta er skrivne for hand av Kristin, noko som gjer utforminga unik og nær. Boka er som dei andre fire diktbøkene kvadratisk designa (15*15 cm), med tjukke ark og ei utside som kjennest mjuk ut når du held ho i hendene.