Stengd gitar

ePub, 330 pages

Norwegian, norsk, nynorsk language

Published 2023 by Samlaget.

ISBN:
978-82-340-0305-9
Copied ISBN!

Liv er 20 år og bur i ei toromsleilegheit med sin eittårige son. Ho skal berre kaste boset, men døra smekkar att bak henne, og inne i leilegheita er den vesle sonen hennar heilt åleine. Den unge mora er hjelpelaus, mentalt forvirra og ute av stand til å løyse vansken med den stengde døra. Tanken på ungen, ungen som skrik, ungen som søv, ungen åleine i senga, kvernar i hovudet hennar. Samstundes med denne marerittaktige historia rullar historia om fortida hennar opp. Stengd gitar er Jon Fosse sin andre roman og kom for første gong ut i 1985. Romanen er seinare omarbeidd for teateret.

3 editions

Tung og trist

Denne var ein kamp å kome seg gjennom. Ein altfor hard kamp.

For min del var ikkje kampen verdt det. Boka, for meg, er vanskeleg å lese; vanskeleg å skjønne; og gav meg lite å ta meg med vidare.

Dette er nok ein eg hadde bedt folk hoppe over om dei sa dei hadde lust å lese gjennom Jon Fosse.