Paperback, 103 pages
nynorsk language
Published 2025 by Oktober.
Paperback, 103 pages
nynorsk language
Published 2025 by Oktober.
Eg går denne blågrå vegen min der han svingar opp til huset, nyt svingen gjennom og med så vakre dagar endåtil dei med hagl og snø og regn er vakre eg er aldri åleine nei, for Hathor er med meg - gudinna for kjærleik og død ho kjem ut av statua si og røskar meg med eller ho tek meg i handa og leier meg om bord i sitt smil ho breier fram ein hemmeleg sti den er av sommarkvite heta steinar, dei ber oss 10 000 år denne næraste sola, nabo til proxima, er far vår han er den mildaste mellom gudar og menneske det er han alltid, så han ropar oss ikkje inn nei ikkje enno
Kjartan Hatløy har lenge hatt ei brennande interesse for egyptologien. I Mot kaos omset han denne lidenskapen i dikt. Boka opnar på diktarens heimstad ved Åfjorden og Lifjellet og trekkjer forbindelsen til …
Eg går denne blågrå vegen min der han svingar opp til huset, nyt svingen gjennom og med så vakre dagar endåtil dei med hagl og snø og regn er vakre eg er aldri åleine nei, for Hathor er med meg - gudinna for kjærleik og død ho kjem ut av statua si og røskar meg med eller ho tek meg i handa og leier meg om bord i sitt smil ho breier fram ein hemmeleg sti den er av sommarkvite heta steinar, dei ber oss 10 000 år denne næraste sola, nabo til proxima, er far vår han er den mildaste mellom gudar og menneske det er han alltid, så han ropar oss ikkje inn nei ikkje enno
Kjartan Hatløy har lenge hatt ei brennande interesse for egyptologien. I Mot kaos omset han denne lidenskapen i dikt. Boka opnar på diktarens heimstad ved Åfjorden og Lifjellet og trekkjer forbindelsen til Det gamle Egypt - til Nilen og pyramidane i Giza og Luxor. Storleikar frå oldtidas førestillingsverd kjem til syne langs vegen, i skog og vatn, og Hatløy går i dialog med den gammalegyptiske måten å tenkje om livssyklusen på: Han gjer døden til reisekamerat.