Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt.
Husjomfru fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter å ha tent i tidlege ungdomsår i fine hus i Christiansund arbeider Julie Elisabeth dei fleste av livsdagane sine som husjomfru …