Søsterskip

Hardcover, 81 pages

nynorsk language

Published 2025 by Kolofon.

ISBN:
978-82-300-2849-0
Copied ISBN!
No rating (0 reviews)

Søsterskip - ei bok om sorg.

Tenk deg: Du er 11 år og søstera di blir drept av eks-kjæresten sin. Heile verda rasar.

Drept. Død.

Ingen snakkar med deg.

Alle har nok med seg sjølv.

Ikkje noko kriseteam i sikte.

Året er 1986. Tsjernobyl har skjedd.

Du blir mobba på skulen.

Foreldra dine er strenge og fjerne.

Ingen snakkar med deg.

Så du byrjar å snakke med di døde søster.

Søsterskip er ei bok om sorg og om overleving. Om familie. Om eit partnardrap. Om å fortrenge. Om å hugse. Og om ikkje å gløyme.

Om forfattaren:

Lillian Marie Govasli. F. 1975. Forfattar, reiselivsstudent, tidlegare skulebibliotekar, lærar, redaktør og journalist. Oppvaksen på Foldereid i Namdalen.

I 1986 mista forfattaren ei søster brått og brutalt. Det å miste eit familiemedlem i ein slik død gir ein familie så store sår at dei aldri nokosinne kan bli heilt heala. Lillian har skrive …

1 edition